Nibbenuten

På toppen av Rauland

Ynskjer du deg utsikt på toppen av Rauland?


Nibbenuten invest AS ynskjer å gje deg moglegheita til å bygge ein fritidsbustad på toppen av Rauland i Telemark. Nibbenuten invest AS er eit tomteområde i område H-38 som vart skilt ut frå Angravli Hyttegrend i januar 2020.

 Om du ynskjer deg ei hytte med storslått utsikt på 1000 moh. frå Bossnuten i aust til Raulandsfjell i vest er Nibbenuten staden for deg.


Rauland har i løpet av dei siste åra vorten ein stor turistdestinasjon. Rauland har fleire aktivitetar å by på gjennom heile året, alt frå milevis med skiløyper om vinteren, til fine gåturar og fiskemoglegheitar i fjellheimen om sumaren.

Nibbenuten by night

Ei perle ved foten av Hardangervidda

Utsikt til Raulandsfjell

På toppen av Nibbenuten har du utsikt mot Raulandsfjell, Totak, Møsvatn, Bossnuten og Gaustatoppen.

Sprettkønn i solnedgang

Nibbenuten kan by på fine naturopplevingar sumar som vinter. Om sumaren kan me freiste med turgåing, fisking og bading kring Nibbenuten, men det finnast òg andre aktivitetar i nærområdet som båt- og kanouleige, minigolf, frisbeegolf og andre aktivitetar for både barn og vaksne berre ein liten kilometer unda. Rauland og Vinje satsar på somaraltivitetar så vel som vinteraktivitetar.

Skitrekka for fart og spenning 

I Rauland er det fleire alpinbakker, her finn du nedfartar som passar alt frå novise til vande. Det tek alt frå 10 til 30 minuttar med skibussen, alt etter kor du ynsker å teste føret.  

Skitraséen er berre eit steinkast unda

 Rett nedanfor Nibbenuten ligg  ei av dei mange skiløypene i Rauland. Om vinteren kan ein nyte omlag 150 km preparerte løyper i umiddelbar nærleik.