Nibbenuten invest AS

Informasjon og prisar 

Prisantydning for hyttetomt: frå kr 1 850 000,-  og oppover

Omkostnadar: 22 592 kroner 

  • Oppmålingsgebyr, oppretting av grunneigedom: 0 - 2000 m² omlag kr 20.000,-
  • Tingslysing av hjemmelsdokumentasjon: kr 585,- 
  • Tingslysing av pantedokumentasjon: kr 585,-
  • Attestgebyr: kr 172,-

Totalpris: frå kr 1 872 592,- og oppover

Dokumentavgift til staten 2,5% av kjøpesum kjem i tillegg.

Klausul: Det er ikkje byggeklausul i prisane. Kjøpar kan bygge den hytta som er ynskjeleg innanfor dei reguleringane som er lovgjeve. Opparbeiding av tomt, kloakk og avløp er det grunneigar som har ansvaret for, elles så kan kjøpar velje kva for handtverkarar og byggleverandør dei ynskjer å nytte på hytta. 

Hyttetomter

Prisene på hyttetomtene varierar etter storleik og plassering. Det må gjevast eigenerklæring til kjøpar. 


Arealet av tomta er på omlag eit mål, 1000 kvm. Nøyaktig oppmåling vert gjort av kommunen.


Eigedomen seljast fri for heftingar utover det som vert avtala om veg, vatn og avløp mellom seljar og kjøpar. På grunn av utvikling av området har seljaren rett til å legge til rette for vatn og avløp osb. over tomta på eit seinare tidspunkt. Jobben skal gjerast skånsamt og såast til så raskt som råd. 


Kjøpar må fylgje dei retningsliner som gjeld hyttebygging i kommunen, informasjon om dette finn de i reguleringsplanen for området. 


Kjøparen må innan eit år frå byggestart rydde opp på tomta og sørge for at alle inngrep i naturen er reparert på ein ordentlig måte. Det er ikkje lov å brenne søppel og materiale ved bygging.


Kjøparen er plikta til å ha medlemskap i Rauland Turist AS. Medlemsskapet tinglysast på eigedomen som ei hefting, og vil såleis påtale eigedomens framtidige grunnbok. Kjøpar pliktar seg å signere på skjøtet i samband med tinglysing av denne heftinga. Rauland turist sender faktura til eigar av eigedomen. 


Prisar og avgifter 

Punkta gjeld fylgjande satsar i Vinje kommune per 2021:

- Tilknytningsavgift for vatn kr 55.000,-

- Tilknytningsavgift for kloakk kr 55.000,-

 Tilknytningsavgift i høve straum/fiber ligg i tomteprisen.


Sjå heimesidene til Vinje kommune for meir informasjon.  https://www.vinje.kommune.no/avloep-vatn-renovasjon-og-feiingtilsyn.6212819-483385.html  


 Vinje kommune har hatt store kostnadar med å legge til rette for vatn og avløp i området og krev difor ei tilknytningsavgift som dekkjer anleggskostnadene. Renovasjon av anlegget ligg på om lag tusen kroner i året. Vatn, avløp og renovasjon til kommunen må kjøpar betale.


Med atterhald om endringar av offentlege avgiftar, gebyrar og satsar.


Opparbeiding av veg, vatn og kloakk 

Alle kostnadar fram til tomtegrensa er det utbyggar som står for. 


Vatn og avløp vert levera frå det kommunale nettet, og RK Nett AS er leverandøren av elektrisitetsnettet. 


Eigedomen vert knytt opp til det kommunale nettet, tilknyttinga finn stad etter at innbetaling av kjøpesum og avgifter er gjennomført, jf. §1 og 2. Kjøpar må installere reduksjonsventil på vassinntaket til hytta, i tillegg kjem ei årleg avgift på drift av pumpestasjonar.


 Frå tomtegrensa er det kjøparen som må betale og drifte anlegget.

Brøyting, strøying og vedlikehald

Det er ei årleg fastpris på brøyting og strøying av veg. Prisen varierer etter lengde frå avstikkaren frå hovudvegen til hytta.


Grunneigar tek seg av brøyting av fellesvegar og avstikkar fram til hytta,
samt andre vaktmeistertenester. 

Tomtekjøpar må delta økonomisk i vedlikehald av vegar og andre felles anlegg.