Sommar ved Nibbenuten
Sommaren ved Nibbenuten er eit skue av fantastisk dyre-, fugle- og planteliv. Frå dei fyrste hestehovane i byrjinga av mai til dei siste raude lauva fell på hausten, så er Nibbenuten ein stad for fine sommarlege naturopplevingar og gode minne. Her finst nye og gamle stiar, fine badevatn og fiskemoglegheitar.