Hyttedraumen

Ved foten av Nibbenuten kan du bygge din hyttedraum. Med utsikt til Raulandsfjell, eit måls tomt og mange naturopplevingar er vegen til hyttedraumen rett i nærleiken. 

Populært område i fjellheimen

Ved foten av Hardangervidda held Nibbenuten invest AS til. Nibbenuten invest AS er eit tomteområde i område H-38 som vart skilt ut frå Angravli Hyttegrend. Nibbenuten invest AS vart stifta 22.02.2021 og ligg i eit særs populært område i Rauland. I motsetnad til Angravli Hyttegrend som har ferdig opparbeida hyttetomter med veg, vatn og kloakk, er Nibbenuten invest AS berre i oppstartsfasen med 38 tomter som ligg klare for utarbeiding.  

Hytteområdet ved Nibbenuten ligg vakkert til med skogkledde småkullar og store opne myrterreng som er populære turistområde om sumaren. Nibbenuten lligg på omlag 1126 moh. og har dei siste åra vore eit fast innslag på "Ti på topp Vinje", og bak Nibbenuten ligg Møsvatn med sin spanande industri- og krigshistorie. Tomteområdet ligg sentralt til med tanke på opplevingar i både Vinje, Tinn og Seljord som er rikt på kultur og friluftsliv heile året igjennom.

Hyttefeltet ligg mot sola, og hyttetomtene har sol frå morgon til kveld.

Det tek om lag 2 til 3 timar i bil frå byane på Austlandet og Sørlandet til hytta ved Nibbenuten.

Døme:

  • Oslo 220 km
  • Drammen 180 km
  • Sandefjord 220 km
  • Skien 150 km
  • Arendal 200 km
  • Angravlistaulen ved Nibbenuten

    I området ved Totak og Møsvatn vart det utvinna jern frå myrmalmen. Det norrøne ordet for myrmalm er Rauði, og difor fekk Rauland namnet sitt. Angravlistaulen er eit av dei eldste bygga i området og her finnst spor etter jernutvinning tilbake til 1000-talet.

    Ein god del av steinmassene som er nytta til å lage veg og tomt er særs lokalt; rett under Nibbenuten er det graven ut fleire kubikk med stein og i dag står det att ein stor fjellhall som kvar vinter får eit noko eiget særpreg. Foto av:  @kristingraff

    Førebuing til påskeskirenn

    Frå gamalt av vart Angravlistaulen nytta som husly for gjetarar, no vert staulen nytta til arrangement, til dømes påskeskirenn.

    Hyttedraumen ved Nibbenuten

    Eit knippe bilete