
Sommar ved Nibbenuten
Sommaren ved Nibbenuten er eit skue av fantastisk dyre-, fugle- og planteliv. Frå dei fyrste hestehovane i byrjinga av mai til dei siste raude lauva fell på hausten, så er Nibbenuten ein stad for fine sommarlege naturopplevingar og gode minne. Her finst nye og gamle stiar, fine badevatn og fiskemoglegheitar.

Seinsumardraum
Finn deg ein sti, plukk lyng, lav, tytteber, krekling og blåber. Lag deg eit lite bål, steik sveler på dei livlege flammene og nyt eit lite herremåltid med heimeplukk på lune lappar.
